11.07.2010VMs største helt: Jesus med heimlengten

Gløm David Villa, gløm Arjen Robben. Kutt ut preiket om toppskårar, drit i kven som vann gullballen. VMs største helt er Jesus Navas. I kveld løfta spanjolen pokalen nede i Johannesburg. På sin første verkelig lange tur heimanfrå, blei han verdsmeister.

Eg lover: Dette er ei rørande historie. Men kvar skal vi byrje? Kanskje kan vi ta til i småbyen Los Palacios y Villagranca i Andalusia. Ein liten gut som blir løfta opp i lufta av faren. Hans første flytur, hengande i den lune vinden, faren under han, guten i himmelen, sky etter sky som siglar imot. Men guten skrik. Han vil ned igjen, ned på trygg grunn.

Ein gong må gutar bli menn, reise frå det første rommet, halde fram ut i verda der alt opnar seg. Mennesket har i seg ei lyst til å erobre verda, omfamne det framande. Det er imidlertid ikkje like lett for alle. Det finst dei som bare vil vere heime, dei vil bli verande i senga, dei vil vere på det første rommet, eller ta første fly heim om dei er på bortebane.

Jesus Navas var ein slik gut, ein tynn, hengslete gut som helst ville vere heime og spele fotball. Han var eit stort balltalent, teknisk, driblesterk, uthaldande. Men om han var fryktlaus på fotballbanen, var han fylt med frykt om han måtte reise bort. Kronisk heimlengt er ein sjukdom som lammar heile kroppen: motorisk, kognitivt, emosjonelt.

Navas sitt balltalent har fått han til å drible seg fram i La Liga. Denne sesongen har han vore forrykande god for FC Sevilla. Klubben har lykkast med å dempe angsten ved å ta spesielle omsyn, dei har reist bestemte ruter til bortekampar, dei har budd på hotell som Navas er familiær med. Resultatet er blitt ein høgreving i verdsklasse.

Jo, det har vore tilbakeslag. Då Sevilla skulle ha oppkjøring før sesongen i USA, måtte Navas melde pass. Han blei heime. Storklubbar i England og Tyskland har meldt si interesse, men sjukdomen til Navas har gjort ein eventuell overgang uaktuell. Og landslagsspel har ikkje vore til å tenke på med bortekampane, utanlandsreisene og turneringane på andre kontinent.

Fotballspelarar har denne auraen av verdsmenn rundt seg. Dei kjem ut frå fly eller luksusbussar i designerdressar, med sine digre Bose-hovudtelefonar, og dei ser ut som om dei eig verda. Vegen ut er levande, milevis og lokkande, fotballspelarane er dei som har makta å løfte seg høgt over det stusselige og montone som alt heime kan stå ut som.

Jesus Navas har vore annleis. I ein alder av 24 bur han framleis heime hos mor. Paradoksalt nok er han av sigøynarslekt, eit folkeslag kjent for si rastløyse ferd gjennom Europa i mange hundreår, ofte som resultat av rasisme og fordommar, men også som ein måte å leve på. Å vere i rørsle med storfamilien, å leve ute på lungdo drom, den lange vegen, har vore livet for mange sigøynarar.

Ikkje for Jesus Navas. Men i fjor meddelte Sevilla-spelaren at han var klar for landslagsspel dersom Vicente del Bosque hadde bruk for han. Navas hadde fått profesjonell hjelp, og ville forsøke å komme over si redsle for å reise. - Å spele for sitt land er det aller største, og eg håper at eg kan vere i stand til det, sa Navas på ein pressekonferanse i august.

Den 14. november debuterte han som innbyttar mot Argentina i Madrid. Han fikk ti minutt etter å ha erstatta Andres Iniesta. Etterpå tok han mikrofonen og takka kjærasten, broren og foreldra, alle folka heime. Han fikk applaus. Utrulig nok har publikum til Sevillas motstandarlag i La Liga ikkje utnytta hans angst så langt. Kunne det ha skjedd i Tippeligaen? Eller i Premier League?

Sidan har Navas dribla seg gjennom treningskampar mot Austerrike og Sør-Kora (der han skåra sitt første landslagsmål). I VM kom han innpå i opningskampen mot Sveits, han spelte frå start mot Honduras, og har sidan sete på benken. Men i VM-finalen kom han innpå igjen, spelte ein særs god kamp på vingen, var med i det avgjørande angrepet som endte med at Iniesta knalla ballen i mål.

Nummer 22 kunne gå opp på podiet, få gullmedalja si, juble med sine lagspelarar. Kanskje er ikkje Jesus Navas spelaren som har største æra for at Spania endelig blei verdsmeister, men for meg er han VM-helten. Her er ein mann som overkom sine eigne skuggar, ein ung mann som rista av seg sine søvnlause nervebana.

Jesus Navas sette seg inn i eit fly for å reise til Sør-Afrika og det uvisse. Han møtte si eiga frykt og blei verdsmeister. Ei vakrare historie får du ikkje. Reis heim no, Jesus. Reis heim til Andalusia og ver saman med dei folka du elskar.

Kategorier: fotball-vm

08.07.2010Og no, alt som gjenstår: Stopp Nederland!

Albert Camus sa ein gong i 1952 at han ikkje ville avvise logikk. Han ville likevel avvise at ein erstattar levande realitetar med ideologiske argument bygd på logisk symmetri. Eg veit ikkje om den franske forfattaren kom fram til dette ved skrivebordet eller på fotballbanen, han var ein habil spelar som blei ståande i mål fordi den fattige mora meinte at han då ville slite mindre på fotballskorne.

VM går mot slutten, og det er bare å konkludere: Blekkspruten Paul har vore meir presis i sine spådommar enn all verdas høgt løna journalistar, ekspertar og spaltistar (inkludert underteikna). Alle analysane, alle tipsa, alle førehandssakene, kva var dei verdt? Ingenting. For eit fotball-VM har sin eigen dynamikk, kvar kamp er sitt eige drama, det nyttar ikkje å spå logisk om fotball utan å ta med seg dei levande realitetane.

Det var moro å høre paret Stokke/Eggen kommentere gårsdagens semifinale, der dei heile tida hang fast i eit forventa kampbilde, ei tru på at Spania var Tysklands perfekte motstandar. I dagane før kampen kunne vi lese spalte opp og spalte ned om at det blendande, tyske kollektivet kom til å radere ut den spanske, individuelle dynamismen. Dei ville kontre når spanjolane gikk lei balltrillinga eller gjorde ein sjeldan feil.

Det skjedde aldri, og det blei ein heilt annan type kamp enn dei to som Tyskland spelte mot England og Argentina. Det verka ikkje som Stokke/Eggen registrerte dette før eit godt stykke ut i andre omgang då Spanias overlegenheit var tydelig for alle. Men når det er sagt, kven hadde før VM trudd at Tyskland var det laget som skulle glede flest fotballhjarte med sin moderne, kontringsviljuge angrepsfotball?

Eit fotball-VM lever sitt eige liv. Messi, Ronaldo, Drogba, Rooney skulle vere dette VMs aristokratar. Dei reiste heim for å sole og skamme seg. Nike sine rådyre reklamefilmar der desse spelarane framstår som overjordiske heltar, verkar no nærmast som utdaterte stumfilmar. Opp frå undergrunnen kom spelarar som imponerte både åleine og som del av kollektiv: Özil, Villa, Forlán, Gyan.

Og Carles Puyol. Kven hadde før VM trudd at den langhåra 32-åringen skulle stange Spania til sin første finale med rå kraft? Før semifinalen i går kveld analyserte Viasat 4 seg fram til Puyol var Spanias svake punkt med sin manglande fart og sin risikable spelestil. Det var imidlertid ingenting i kampen som tyda på det, gjennom 90 minutt var Puyol lagets hjarte både bak og framme på banen.

Nei, kven hadde trudd? Brasil kom til Sør-Afrika for å spele som det nye Italia, dei hadde verdas beste forsvar og verdas beste målmann, i kvartfinalen spelte dei til og med i blå trøyer. Men då Julio Cesar oppførte seg slik vi trudde brasilianske målmenn forlengst hadde slutta å oppføre seg, var det som dei blå trøyene rakna og under fanst bare gammaldags gult, eit Brasil som rota i forsvar og som i staden for å drepe kampen mot Nederland, tok sitt eige liv på banen i Port Elizabeth.

Kven hadde trudd at VMs beste keeper skulle bli Uruguay sin spiss, Luis Suárez? Han hadde ingen problem med den flakkande Jabulani-ballen og redda suverent på streken då Ghana var på veg til semifinale i 122. speleminutt. Seinare jubla Suárez vilt i tunnelen då stakkars Gyan bomma på straffa, og han blei til slutt bore på gullstol av medspelarar som vann straffekonken. Uruguay, for nokre dårlige vinnarar! Kva med litt empati og stil?

Nei, fotball er ikkje logikk, fotball er ikkje ideologi eller eit heilskapelig system. Heile dette VM har ekspertane til dømes babla om sittende midtbanespillere. Eg har hørt det frå Nils Johan Semb, hørt det på BBC og ITV, lese om det i Mick McCarthy sine analysar, men eg har endå ikkje skjønt kva ein sitjande midtbanespelar faktisk gjør? Sitjer han bare der? Står han? Spring han? Eller er ein sitjande midtbanespelar rett og slett det ein i riktig gamle dagar kalte for ein midtbanespelar?

Ok, eg vil ikkje avvise at fotball kan vere logikk og symmetri, analysar og sitjande midtbanespelarar. Men mykje meir enn det, er fotball levande realitetar. Fotball er kjensler, fotball er emosjonar. Og alt som gjenstår no, er at Nederland ikkje må bli verdsmeister, sjølv om blekkspruten Paul visstnok har spådd det. Ja, sjølve meininga med dette VM er no heilt enkelt: Spania må spele slik at Nederland blir statistar på søndag.

Utan logikk og rasjonalitet: Nederland er det nye Tyskland. For eit hatlag. Dei nederlandske spelarane nyttar alle tjuvtriks i boka, dei har komme med rasistiske kommentarar på nettet, dei er bare ute etter å øydelegge ein kvar fotballkamp. Det blir sagt at Mark van Bommel ville ha takla si eiga bestemor i knehøgd dersom ho stod nær ein fotball. Måtte Nederland reise heim vennelause og pokallause.

Kategorier: fotball-vm

03.07.2010Taparen. Sjølvbiografi (4. og siste del)

Fifa vann logoane og dei luftkondisjonerte romma,

dei vann bankfilialane og papegøyestemmene.

Fifa vann talarstolane og limusinane i nattas brann,

dei vann bilreklamane som flerra over fjernsynsskjermane.


Sepp Blatter vann colaautomatane og feriehusa ved havet,

han vann mobiltelefonane og himmelens kjølige klut,

xylofonane og eskortejentene som jobba til gullkortets song.


Pelé vann styreromma og dei blå badebassenga.

Platini vann trøflane og floridafasanane,

haifinnesuppa og dei frityrsteikte kremepla,

han vann kjøkkensjefane og all yankee-maten.


Angela Merkel vann VIP-tribunen og eau de colognen.

Joachim Löw vann taktikktavla og dei fine orda.

Tyskland vann kampen og kvartfinalen.


Mitt namn er Diego Armando Maradona.

Eg vann alle hjarta.

Kategorier: fotball, fotball-vm

01.07.2010 Secreto diarariiha for Fabio

I try to writa this in Inglese, as I muste improvise my languageses. I am back atta Kensington flat, London. There is army of fotografia lying otside in bushes. I here evalualte Worlde Cuppa 2010. ...
Les hele innlegget | fotball-vm , fotball

30.06.2010 Elefantens siste reise. Rapport frå Helvete Snackbar.

Eit brøl stig opp over Olhão idet kamera treff Ronaldo då nasjonalsongen blir avspelt. Han er den einaste på laget som ikkje syng, men dei syng for han, i kvar bustad...
Les hele innlegget | fotball-vm | 3

28.06.2010 Oppdagaren. Sjølvbiografi (del 3)

Mitt namn er Diego Armando Maradona. Eg har reist til Sør-Afrika som Hans Eksellense, den fjerde onkel for nabolagets kjekkaste gutar. Det skal bli vakre dagar. Det skal bli ein evig liturgi....
Les hele innlegget | fotball-vm | 2

25.06.2010 Ikkje eit VM for gamle menn

Tom Waits sa ein gong at det finst tre stadium i menneskelivet: (1) Barndom, (2) middelalder og (3) hey, looking good! Når eg ser på årets fotball-VM, slår det meg kor mange...
Les hele innlegget | fotball-vm

24.06.2010 Frankrikes skandale-VM, minutt for minutt

Kva skjedde eigentlig med Frankrike nede i Sør-Afrika? Så langt har vi bare fått servert overflata. Dei involverte har nekta å snakke, dei har fått munnkurv eller er...
Les hele innlegget | fotball-vm | 9

22.06.2010 Au revoir, Raymond

Så var det over. Eitt poeng. Eitt mål. 1,5 målsjanse. Krangling. Sutring. Rot. Rør. Les Bleus er på veg heim, og Raymond Domenechs altfor lange trenarkarriere er...
Les hele innlegget | fotball-vm | 5

21.06.2010 Jabulani-panikk på gatene i Johannesburg

Kva er no dette? Spelarane ser ut til å ha fått kontroll på VM-ballen, dei bøttar inn med mål, keeperane har slutta å dumme seg ut, og dette liknar mistenkelig...
Les hele innlegget | fotball-vm | 1

18.06.2010 Forføraren. Sjølvbiografi (del 2)

Mitt namn er Diego Armando Maradona. Eg har mønstra på M/F Argentina som ein dekksgut med for stor dress. Eg skal forføre heile Sør-Afrika og halve verda. Eg kjem ut av...
Les hele innlegget | fotball-vm , fotball | 3

16.06.2010 Raymond Domenechs fotballskule

Astrologen, hobbydramatikaren, sexsymbolet og landslagstrenaren Raymond Domenech tar etter fotball-VM farvel med sitt høgt elska Les Bleus. Han vil likevel nytte sine erfaringar som fransk...
Les hele innlegget | fotball-vm , fotball | 1

15.06.2010 Fanga i Déjàvuvuzelaland

Vaknar opp i Déjàvuvuzelaland. Har eg ikkje vore her før? Jo, dette minner mistenkelig på den gong då. Målmenn som klagar på badeballar. Franskmenn som...
Les hele innlegget | fotball-vm | 2

13.06.2010 Den engelske pasienten

Det har gått nøyaktig 24 timar. I løpet av dette døgnet har vi fått sjå hendinga om og om igjen. Dempseys lompe frå 25 meter. Robert Green som går...
Les hele innlegget | fotball-vm , fotball | 2

12.06.2010 Erobraren. Sjølvbiografi (del 1)

Mitt namn er Diego Armando Maradona. Eg har vore i dødsriket to gongar. No har eg komme tilbake for å ta over asylet. Eg er Jack Nicholson i Gjøkeredet . Nigeria ventar på...
Les hele innlegget | fotball , fotball-vm

10.06.2010 Hjelp, eg er ein lagspelar!

Det finst ikkje noko slikt som eit samfunn, erklærte Margaret Thatcher i 1987. Eg veit ikkje kor fotballfaglig sterk Thatcher eigentlig var, men om ein skulle følgje hennar tankegang ut...
Les hele innlegget | fotball , fotball-vm | 1

01.03.2010 Moods of Norway

De gangene jeg har opplevd å få is i rubben, har det vært litt for kaldt for rubb. Da kan det gå is i rubben, småhårene i sålen fryser. (Per Knut Aaland...
Les hele innlegget | OL | 2

22.02.2010 Ein ganske arrogant mann

Vi har fostra eit monster. Han heiter Petter Northug jr. Han går på Fischer-ski rundt i verda og deler nasjonen på midten. Vi elskar han, vi hatar han. Mannen er friskfyraktig...
Les hele innlegget | OL | 1

 
Frode Grytten (født 11. desember 1960) er norsk forfatter og journalist. Han vokste opp i Odda i Hardanger, og tar i sine bøker ofte utgangspunkt i miljøet i Odda. Grytten er nå forfatter på...
Les mer

frodegrytten.tv2blogg.no

BLOGGER FRA A TIL Å
 
SISTE INNLEGG
 
SISTE KOMMENTARER
Jesus Navas kom inn i finalen av VM og tilførte ...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
Jesus Navas større en Villa, Forlan og de som fa...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
Greit nok at Navas har en flott historie, men setter ik...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
E dokk heilt dumme ellår? han skrive jo at han ik...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
jesus navas spillte jo røva hele vm, har vi sett...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
navas er ikke nærheten av å være vms ...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
Flott lesning. Takk for mange fine tekster under VM, h&...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
Jesus imponerte bare med å kurere blinde menn, fo...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
Jeg elsker nynorsken til Grytten :D
Heldigvis g&ar...

VMs største helt: Jesus med heimlengten
 


Siste nytt Video Mest lest
Sendeskjema Resultat Sumo Sport