23.09.2009Mitt liv som Semb

I mitt neste liv skal eg bli ekspertkommentator. Eg skal sitje på TV 2 eller NRK eller Viasat 19 og preike som Nils Johan Semb og Hallvar Thoresen. Eg skal skrive som Morten Pedersen eller Truls Dæhli. Eg skal ha greie på alt mulig. Eg skal aldri ta feil.

Eg skal strø om meg med uttrykk som fjerdebevegelsen og pasningsskyggen. Eg skal snakke om spissar med tungt skudd og kva som er lurt inn mot neste kamp. Eg skal lære meg å seie matsj i staden for kamp, sluttkjørt for dårlig trent, eg skal snakke om skuddläge og weltklass. Norsk blir eit altfor fattig språk for ein outstanding ekspertkommentator.

Jo, eg skal få ein dirty arbeidarklassedreis på språket som sjølv ikkje mor mi anar kvar kjem frå: Ballen tøtsjer hånda hanses, men det´ække straffe siden kroppen hanses ikke har en unaturlig possisjon. Å, som eg gler meg til å snakke ut om banespillet og ettertrykk og fjerderommet.

Det skal bli sååå moro. Eg skal reise rundt til alle verdas stadion, fly rundt halve kloden, bare ha med pc-en og ei lita homoveske med lotion. Eg skal sjå fotball i tilbakelent posisjon (possisjon), før eg ved midnatt rapporterer heim om eit einaste langt gjesp: Jeg sier ikke at den nye keeperen ikke holder mål, jeg sier bare at den nye keeperen er svakere enn den gamle.

Det fine med å vere ekspertkommentator, er at du er aller siste gribben i skogen, du sit på greina ingen kan nå. Dine vurderingar er aldri oppe til vurdering. Du kan seie eller skrive kva som helst og komme glatt unna med det. Ein ekspertkommentator får ikkje eit einaste terningkast eller ei kritisk spissformulering. Du kan meine det eine i byrjinga av ein matsj (kamp) og noko heilt anna mot slutten.

I mitt neste liv skal eg unne meg ei stripe kokain i ny og ne (outstanding!), gå på byen og smeise over nokre damer (weltklass!). Det kjem til å bli eit godt liv (suvverent!). Er ikkje du han der ... han der .... ekspertkommentatoren? skal folk spørje. Og eg skal ikkje ein gong nikke stadfestande, bare spandere ein ny runde på heile baren.

I mitt neste liv skal eg bli ekspertkommentator i dress og slips. Eller, kanskje ...? Ja, det har eg tenkt på, kanskje må eg starte ekspertkommentator-karriera med å analysere Hønefoss-HamKam eller Tromsdalen-Nybergsund? Å, hellige Semb! Og kanskje har eg brukt opp dei få gode poenga mine allereie første sesongen? Kva skal eg då bidra med?

Kanskje får eg bombetruslar ringt inn på mobilen fordi eg har kalt reservekeeperen til Hønefoss for ein svensk såpekokar. Eg må gjerne få meg hemmelig telefonnummer, ungane mine blir garantert trakassert på veg til skulen: Far din har ikkje peiling! Far din held med Lillestrøm! Lillestrøm???

Kanskje blir eg konfrontert med kva eg faktisk meiner med pasningsskygge (ja, kva er pasningsskygge, eigentlig?) Og ei natt står dei gjerne på døra fordi du har kalt ein spelar pinglete eller latterliggjort ein spiss som har prioritert barnefødsel framfor matsj. Å, sluttkjørte kommentator!

I mitt neste liv skal eg ikkje bli ekspertkommentator.

Kategorier: fotball, Tippeligaen
 
Frode Grytten (født 11. desember 1960) er norsk forfatter og journalist. Han vokste opp i Odda i Hardanger, og tar i sine bøker ofte utgangspunkt i miljøet i Odda. Grytten er nå forfatter på...
Les mer

frodegrytten.tv2blogg.no

BLOGGER FRA A TIL Å
KATEGORIER
 
 
SISTE KOMMENTARER
 


Siste nyttMest lestSiste video