29.06.2009Kjetil og I

Det er noko rørande med denne trua på at spelarar og trenarar skal kunne framstå som førebilde for alle oss andre. Ifølge fotballforbundet og mange sportsjournalistar er dette sjølve fortroppen på vegen mot folkeskikk, fellesskap og flott framferd. Eg meiner, kva kan ein vente frå ein gjeng donaldlesande, storsnusande, sjølvopptatte, homofobe, promiskuøse periodedrankarar?

Det er interessant at vi skal sjå opp til folk som knapt greier å seie ein heil setning på tv, som ikkje heilt veit korleis dei skal kle seg, som gir publikum fingeren når dei skårar mål på landslagsarenaen, som forsøker å massesjekke kjendisjenter med tekstmeldingar. Eg forstår jo at det er snakk om eit stort sosialiseringsprosjekt retta mot ei bestemt gruppe menn som strengt tatt burde ha blitt menn for lenge, lenge sidan.

Men er det ikkje betre for alle partar at dei får lov til å vere seg sjølv? At vi heller kan få dei i fri flyt og som ekte vare, ikkje i rolla som flagrande sv-damer som skal vere mot rasisme, for uhjelp og krig og sånn. Siste veka har Kjetil Rekdal fått breie seg i alle kanalar med psyken sin. Det har vore ein fest frå ende til annan. Kjetil Rekdal på sidelinja er langt betre underhaldning enn kva Kjetil Rekdal inne på banen nokon gong var.

Aalesund FK er ikkje all verda å sjå i aksjon, men med Kjetil Rekdal som trenar blir det alltid god tv. Han er sitt lags desidert største stjerne, så psyko at eg blir glad i heile kroppen. Etter at Rekdal gikk amok på Brann Stadion, har vi fått ei klassisk stilstudie i bortforklaringar. Mannen som sjølv spurta langt over streken har skulda på dommaren, Eirik Bakke, media, vêret, graset, vinden og på at han ikkje visste at kamera var slått på.

Det siste er gjerne det mest interessante, for ærlig talt verka det som om Rekdal forsikra seg om at alle kamera var glovarme før han fyrte laus mot Bakke. Når han så skulle intervjuast av NRK rett etter bataljen, verka han rolig som labrador. Den forvandlinga frå ein oppjaga Mister Kjetil til ein iskald Doktor Rekdal er kanskje det aller mest fascinerande som er vist fram i Tippeligaen denne sesongen.

Då eg spelte fotball for aldersbestemte lag i Odda, hadde vi ein trenar som på bortekampane alltid hadde ei lerke på innerlomma av fotballboblejakka. Han sendte oss fotballfaglige meldingar frå sidelinja mens han tok seg ein og annan forfriskande slurk. Nokre gongar måtte han steppe inn som linjedommar, men fikk lurt i seg ein og annan støyt då også. På heimvegen brukte han å pisse ut den opne bakdøra i minibussen.

Som gutelag overnatta vi på horehus i Oslo midt på syttitalet. Då hadde vi vunne krinsmeisterskapen og skulle få cupfinalen som ein slags premie. Alle hotellrom var dessverre booka, men trenaren vår (ein annan enn den tidligare nemnte) visste råd. Han kjente ein utflytta odding som dreiv horehus i Oslo, der det nylig hadde vore razzia og som derfor kunne by på både husrom og hjarterom. Vi hadde ei finfin helg.

Vi tenkte aldri på trenarane våre som førebilde, tvert om. Vi skjønte når dei var ute å kjøre og når dei hadde noko å by på. Det er ikkje mykje verdig eller oppbyggelig over fotballen. Han er eit menneskelig drama som handlar om triumf, nederlag, siger, sinne, frustasjon, glede, bannskap, faenskap og om å psyke ut motstandaren.

Alt er lov. Sjølv nytta vi dette heiaropet for å finte ut lag som vi meinte kom frå langt meir sarte og åndelige heimar enn vi dynamittgutane frå Odda: Alkohol og LSD/ Syfilis og gonoré/ Rabbakuk og slingrefitta/ Odda, Odda, Odda.

Kjetil Rekdal, du får heiaropet heilt gratis av meg. Med litt lokal tilpasning kjem det til å funke som ei kule på stadion rundt i heile landet.

Kategorier: fotball
 
Frode Grytten (født 11. desember 1960) er norsk forfatter og journalist. Han vokste opp i Odda i Hardanger, og tar i sine bøker ofte utgangspunkt i miljøet i Odda. Grytten er nå forfatter på...
Les mer

frodegrytten.tv2blogg.no

BLOGGER FRA A TIL Å
 
SISTE INNLEGG
 
SISTE KOMMENTARER
True hero :)
VMs største helt: Jesus med heimlengten
Jesus Navas kom inn i finalen av VM og tilførte ...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
Jesus Navas større en Villa, Forlan og de som fa...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
Greit nok at Navas har en flott historie, men setter ik...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
E dokk heilt dumme ellår? han skrive jo at han ik...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
jesus navas spillte jo røva hele vm, har vi sett...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
navas er ikke nærheten av å være vms ...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
Flott lesning. Takk for mange fine tekster under VM, h&...
VMs største helt: Jesus med heimlengten
 


Siste nytt Video Mest lest
Sendeskjema Resultat Sumo Sport